![]() |
Glesvær Rorbu Innehaver: Ruth N. & Arne Bakke Adresse: Postnr./Sted: N-5381 Glesvær Telefon: +47 56 33 84 71 Mobil:+47 930 32 440 Åpningstider:Hele året E-post: glesvaer.rorbu@sund.online.no Egen hjemmeside: http://www.glesver-rorbu.no/ |
| Rorbuferie på Glesvær
Rorbu. Me kan tilby 8 rorbu-leiligheter- laga med vår erfaring, for at du skal ha ei fin tid på Glesvær. Type A (1993/95) for 4 personar, og Type B (2003) for 6 personar. Til kvar rorbu-leilighet høyrer det med ein stødig 17 fots åpen båt med 10 hk påhengsmotor. Med båten kan ein utforske øyar og sund, gjere strandhogg, besøkje badeplassar eller fiske. Fiskeplassane er ikkje langt unna, i lune farvatn når det bles, og på havet (ca 10 min med båt) når veret tillet. Ein fin solnedgang i havet er eit minne å ta med seg til vinteren. Turen til Bergen med alle sine tilbod tek berre 40 min. Møte / seminar / konferanse på Glesvær Rorbu. Vidare kan me tilby grupper og firma til å halda møter og seminarer der ein har to møterom til disp. (40m2 + 65m2), kan bu godt, eta saman og nyta kystnaturen. Eit møterom er utstyrt med moderne audio-visuelt utstyr, det andre som spise/opphaldsrom/festsal. Dersom ynskjeleg kan me skaffa mat via catering, eller ein kan nytta seg av kafeen på staden "Bakeriet 1925" som serverer det meste. |
|
| Pris 2005(Nok) | Vinter | Juni | Juli / August |
| Rorbu Type A - Veke | 3.300,- | 3.800,- | 4.400,- |
| Rorbu Type A - Døgn | 650,- | 700,- | 700,- |
| Rorbu Type B- Veke | 4.900,- | 5.800,- | 6.600,- |
| Rorbu Type B- Døgn | 900,- | 900,- | 1.000,- |
|
Inkludert i prisene: Stødig 17’ båt m/ 10 hk motor Lintøy Rengjøring |
|||
|
TILBAKE TIL FYLKESKARTET Sidene er levert av: ![]() © Copyright 2000, Signaturdata |
|||